Langtidsoppgåver kan erstatte eksamen i framtida. Til våren skal elever på vidaregånade skule vere med i eit prøveprosjekt der denne forma for sluttvurdering skal undersøkast. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Langtidsoppgåver kan erstatte eksamen i framtida. Til våren skal elever på vidaregånade skule vere med i eit prøveprosjekt der denne forma for sluttvurdering skal undersøkast.

Langtidsoppgåver kan erstatte eksamen på vidaregåande

Våren 2024 vil Utdanningsdirektoratet prøve ut langtidsoppgåver i staden for eksamen på vidaregåande skule.

Utdanningsdirektoratet vil vite om langtidsoppgåver gir elevane betre høve til å vise kva dei kan enn ein vanleg eksamen.

Skulane som er med i forsøket, skal både gjennomføre langtidsoppgåver og ha eksamen. Dette blir gjort får å gi direktoratet meir kunnskap om korleis langtidsoppgåver fungerer som sluttvurdering, skriv Utdanningsnytt.

Forsøket gjeld dei tre faga biologi 2 på VG3, matematikk 1P-Y på VG1 og politikk og menneskerettar på VG3. Erfaringane frå prøveprosjektet i desse faga vil liggje bak eit tilsvarande prøveprosjekt i 2025. Det kan også bli aktuelt å utvide prosjektet til fleire fag og til grunnskulen.

Tre faggrupper beståande av lærarar og forskarar skal utvikle kvar si ulike form for oppgåve, som elevane skal løyse.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS