Slik vil truleg dei nye leilegheitene på kaien i Etne sjå ut frå sjøsida når dei står klar.Illustrasjon: Holon
Lang ventetid for nytt Etne-prosjekt
Planane for leilegheiter på kaia i Etne på delar av staden der den nedlagde forbruken» står i dag, må truleg venta minst eitt år på kommunen sin reguleringsplan.
Dei som står bak utbyggingsfirmaet Forbruken AS er Ole Martin Grindheim og Kjetil Nedreskår med kvar sin halvdel, medan Leif Grindheim er styreleiar og konsulent.
I sommar
Grannar intervjua Ole Martin Grindheim og Kjetil Nedreskår i november i fjor. Då håpa dei på byggjestart til sommaren i år, men det viser seg i ettertid å ha vore temmeleg urealistisk.