Landslagsspelar Karina Sævik var på plass for å heie på kjærasten Sindre Kringlebotten og resten av Etne-laget då dei spelte opprykksfinale» mot Nord i 2021.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Landslagsstjerna gler seg til å etablere seg i Etne
Når fotballkarrieren ein gong tek slutt, ser ein av Noregs beste fotballspelarar, Karina Sævik (28), fram til å etablere seg i Etne.
Karina Sævik (28) er for tida ein viktig brikke både for Vålerenga og for det norske landslaget, og ho har vore avgjerande i fleire viktige kampar. I tillegg til å jage nye titlar med Vålerenga, er ho også inne i ein hektisk periode med landslaget, der målet er å kvalifisere seg til EM i Sveits neste sommar, skriv Haugesunds Avis.
Bygd betre enn by
Men sjølv om Sævik, som opphaveleg er karmøybu, har gjort stor suksess i Vålerenga, trivst ho ifølgje avisa ikkje spesielt godt i storbyen.
Ho meiner at Livet på bygda er betre enn livet i byen.
— Når fotballkarrieren er over, flyttar eg til Etne. Eg trivst mykje betre ute i naturen. Bygd er betre enn by. 100 prosent, seier Sævik til Haugesunds Avis.
Kjøpte bustad
I fjor vinter kjøpte ho og kjærasten, Sindre Kringlebotten frå Etne, bustad i Etne, og ho gler seg til å flytte dit når fotballkarrieren er over.
Mor til Karina Sævik, Mona Rasmussen Sævik, er også godt etablert i Grannar-distriktet med jobb som kommunalsjef for oppvekst i Etne kommune, og har busett seg i Trovåg i Vindafjord saman med mannen og Karina sin pappa Oddbjørn Sævik.
Heiar på Etne
At Karina Sævik er blitt ein sann Etne-patriot er det liten tvil om. Då kjæresten Sindre Kringlebotten og resten av Etne-laget spelte opprykksfinale på bortebane mot Nord på Norheim i Karmøy i 2021, var ho ein av hundrevis som kledde seg opp i supporter-utstyr frå topp til tå. Her kan du lese meir om og sjå bilda frå den historiske Etne-kampen: Oppryksdrama avgjord på overtid.