Nytt av i år er at dei nyttar seg av Micro Bit, eit miniatyr-datasystem som er utvikla av BBC til bruk i informasjonsteknologi-undervisninga i Storbritannia. Det har 25 lysdiodar, kvadratisk utlagt, som opnar for å programmere inn enkle dataspel som ein kan spele direkte på brikka.
— Me ser at det gjer det meir handfast og mindre abstrakt å få inn basiskunnskapane innan datateknologi og programmering. Med desse verktøya tar ungane gjerne dei grunnleggande konsepta fortare enn det ferske studentar på universitetet gjer, gjennom abstrakte pensumbøker og førelesningar, fortel kursleiar Tjerand Aga Silde.
Jobbrelevant
Dei yngre deltakarane nyttar hjelpeverktøyet PXT, som erstattar den tekstbaserte programmeringskoden med visuelle blokker», og gjer det heile ein god del enklare å handtere. Dei over 12 år bryner seg på å programmere Micro Bit-en direkte med Python, som er eit kraftig programmeringsspråk som er mykje bruk i den verkelege verda. Dette er sjølvsagt vanskelegare, men gir på sikt større kontroll over det ein held på med og kva resultatet kan bli til.
— Det er ikkje så mykje ein lærer når ein er 12 år som har direkte relevans for arbeidslivet, men dette er éin av tinga, seier Silde.