Å ha det kjekt på jobb er noko som er viktig for både arbeidsleiarar og brukarar. Og kjekt har dei det kvar einaste dag. Her jobbar Ola Harald Alne (t.v), Anne Karin Nøkland Berge og ein av brukarane flittig med å laga mosenissar som skal pryda inngangspartiet på rådhuset i jula. Foto: Grethe Hopland Ravn
Å ha det kjekt på jobb er noko som er viktig for både arbeidsleiarar og brukarar. Og kjekt har dei det kvar einaste dag. Her jobbar Ola Harald Alne (t.v), Anne Karin Nøkland Berge og ein av brukarane flittig med å laga mosenissar som skal pryda inngangspartiet på rådhuset i jula.
Har fått pengar til eit ekstra årsverk til neste år. — Det er så viktig for brukarane å ha noko meiningsfylt dei kan fylla dagane sine med, seier avdelingsleiar på bustadkontoret, Mali Hjemdal
Har fått pengar til eit ekstra årsverk til neste år. — Det er så viktig for brukarane å ha noko meiningsfylt dei kan fylla dagane sine med, seier avdelingsleiar på bustadkontoret, Mali Hjemdal

Kvardag med meining

Å ha eit aktivitetstilbod i kvardagen kan vera redninga for mange som slit med psykiske lidingar eller rus. Vaktmeisterteamet i Vindafjord er eit slikt tilbod, og for brukarane er dette eit trygt haldepunkt.

Publisert Sist oppdatert

Det er onsdag føremiddag og vaktmeisterteamet i Vindafjord hadde i utgangspunktet planar om å rydda ein veg for kvist og kratt i Sandeid, men regnet høljar ned så det plaskar rundt ein. Det er ikkje måte på til opne sluser denne dagen, og teamleiarane Ola Harald Alne og Anne Karin Nøkland Berge har snudd på hælen og planlagt ein alternativ arbeidsplan. Saman med ein av dei ti brukarane som har fått tilbod om å vera med i prosjektet, satsar dei på å laga store mosenissar som skal dekorera inngangspartiet til rådhuset i førjulstida. Dermed blir arbeidsoppgåver utsett til ein annan dag. Stemninga er munter og brukaren som er med denne dagen, er svært glad for at tilbodet.

— Å stå opp om morgonen og vita at ein skal vera med på noko i løpet av dagen, i tillegg til å legga seg om kvelden når ein har utretta ei arbeidsøkt, er utruleg godt for kropp og sinn, seier mannen som Grannar har valt å anonymisera.

Å fylla livet med meining

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS