KI kan sørgje for at berre ugraset blir sprøyta med plantevernmiddel, framfor heile åkeren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/ NPK
Kunstig intelligens i landbruket kan redusere sprøytebruken og auke avlingane
Sensorar og ei kraftig datamaskin kan analysere bilete av plantar og ugras, og målrette sprøytemiddel berre mot ugraset medan traktoren rullar over jorda, skriv Nationen.
Selskapet bak systemet DAT EcoPatch seier at sprøytemiddelbruken kan reduserast med 45 prosent. Samtidig har dei klart å få 5 prosent auka avling der det ikkje er sprøyta. Resultatet kjem fram etter to år med testing, seier dagleg leiar Kristian Kaurstad Morthen i Dimensions Agri Technologies.
Teknologien kan også skilje mellom ulike typar ugras.