Krev satsing på E134
2.500 bedrifter langs E134 bak opprop til Samferdselsdepartementet.
Etter initiativ frå Haugesundregionens Næringsforening (HIN) sender næringsorganisasjonar som representerer over 2.500 bedrifter langs hele E134 frå Haugesund til Drammen, eit opprop med krav om vidare utbygging av den viktigaste samferdselsåren mellom Aust- og Vest -Noreg i neste Nasjonal Transportplan-periode.
Den politiske behandlinga av NTP 2014-2023 er like om hjørnet, og næringslivet langs E134 ser det som svært viktig at dei planane som er lagt for utvikling av denne viktige næringsvegen, blir fylgt opp gjennom løyvingar i NTP’en.
Kan drukna
— E134 kan lett drukna i støyen rundt intercity-løysningar på Austlandet og ferjefri E39 langs Vestlandet. Kampen for ein sikrare og raskare vegforbindelse aust/vest har ei lang historie, og den er ikkje over. Derfor er det viktig å mobilisera for å visa den utålmodigheita som små og store bedrifter langs denne hovudpulsåra føler, seier administrerande direktør Egil Severeide i HIN.
Bak oppropet står mellom anna Tysvær Næringsforum, SMB Odda, Etne og Vindafjord Næringsutvikling, Vindafjord Arbeidsgiverforum og fleire organisasjonar i Telemark og Buskerud.