Juryen delte ut fire prisar til elevane. F.v: Line Andersen, Mari K. Kjellesvik, Stian Magelsen og Annika Andreassen.
Privat
Kreativitet som styrkar fellesskapen
Gjennom programmet SMART har elevane deltatt i ein
strukturert prosess der dei har lært om innovasjon og entreprenørskap. I løpet
av litt over ei veke har dei arbeidd målretta med å utvikla eigne idear – frå
tanke til prototype og ferdig presentasjon.
Gjennom ein styrt kreativ prosess har elevane fått
trena på å skapa noko som har verdi for andre. Dei har lært å tenkja ut nye
løysingar på både små og store problem, utvikla prototypar og presentera ideane
sine framfor publikum.
— Målet har vore klart. Oppfinningane skulle
styrka fellesskap og samarbeid, seier Therese Lindvik Nornes som er
entreprenørskapsinspirator i Ungt Entreprenørskap Rogaland.