Butikken har nettopp fornya seg og opna for påskehandel i ny fasong etter å ha vore stengt i eit par veker. Første handledag etter påske var det mange bilar på kaien i Kvaløy. Ein av kundane er Laura Seltveit, tidlegare ordførar i Sauda som er oppvaksen i nabohuset til butikken. Der har ho fritidsbustad, og brukte sin første dag som pensjonist til å handle på nærbutikken.
Håpar på handel
— Det er alle tiders at dei har fiksa på butikken. Det er blitt meir oversikteleg og større plass. No trur eg fleire vil handle her, seier Seltveit.