Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bøker signert lokale forfattarar var blant bestseljarane til Torger Ohm ved Ølen Bok og Papir.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bøker signert lokale forfattarar var blant bestseljarane til Torger Ohm ved Ølen Bok og Papir.

Kraftig auke i netthandel

Publisert Sist oppdatert

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at netthandelen auka med 15 prosent dei første åtte månadane i 2017 samanlikna med same periode året før. Netthandelbutikkane i Norge selde for 9,5 milliardar kroner det første halvåret i 2017, noko som er ein vekst på 14 prosent frå same periode i 2016. I organisasjonen Virke har dei også merka seg den sterke netthandelveksten, både frå nettbutikkar her til lands og i utlandet.

— Netthandelen har dei siste åra utvikla seg i stor fart. Frå 2015 til 2016 auka den med 13 prosent og stod for omkring 6,4 prosent av handelen i 2016. Rundt juletider blir det handla meir på nett enn elles, og tal frå vårt ehandelsbarometer viser at det blei handla for 4,1 milliardar på nett i desember i fjor. Av ein totalhandel på 55,75 milliardar kroner svarar dette til i overkant av 7 prosent. Dei siste åra har særs netthandelen mot utlandet vakse kraftig. Ser me på perioden 2011-2016 har netthandelen i norske butikkar auka med 78 prosent, medan handelen frå utanlandske nettbutikkar har hatt ein vekst på heile 225 prosent, opplyser Julie Wentzel Frøland i Virke.

Totalt sett ser julehandelen i butikk ut til å gå som normalt i år trass den store auken i netthandel.

Powered by Labrador CMS