Carsten Tjessheim (t.h.) vart heidra av ordførar Ole Johan Vierdal og korpsleiar Karina Nonslid.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Korpslegende heidra
— Det er ei ære. Eg er stolt og takksam, sa Carsten Tjessheim etter at ordførar Ole Johan Vierdal hadde festa Kongens fortenstmedalje i sølv på dressjakka hans.
Frå scena i Skjold Arena, kor korpset arrangerte sin årvisse torgdag, fortalde Tjessheim at både kona Ragnhild og han sjølv vart både stumme og rørde då dei fekk høyre om tildelinga.
Tjessheim har pendla frå Haugesund, kor han bur, til Skjold i 50 år for å dirigere bygda sine korpsmusikarar. Slik har han ikkje berre sørga for at hundrevis av barn og unge har fått oppleve musikkglede, men òg sytt for musikk til mang ei julegudsteneste i kyrkja som lenge mangle orgel. I slutten av august pensjonerte han seg, og sende dirigentstokken vidare til Mario Serna.