Også Åkrafjorden får eit og ana cruiseskip på besøk.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Kom for å sjå fossen
Cruisesesongen er i gang og denne veka gjesta cruiseskipet MS Braemar» Åkrafjorden. Skipet med plass til 929 passasjerar og eit mannskap på 370, tok måndag ettermiddag i denne veka turen inn Åkrafjorden for å oppleva den vakre vestlandsnaturen på nært hald. Skipet segla heilt inn til Eljarvik for å få førsteklasses utsikt til Langfoss, før det snudde og returnerte ut fjorden igjen.
Fred Olsen Cruises som eig skipet, tilbyr ei rekkje cruise i norske fjordar, og på somme av cruisa kan passasjerane nyta naturen utan å forlata skipet.
— Fred Olsen Cruises har ein del cruise der dei ynskjer å visa fjordan utan å gå land, og Åkrafjorden er ein av fjordane dei vil besøkja i år, fortel Vigleik Dueland frå Destinasjon Haugesund & Haugalandet AS.