Knytte nye band
Med pinnekjøt på tallerken og litt ekstra godt i glaset fekk gjestene ein koseleg forsmak av jul då dei møttest til julebord ved Ølen omsorgssenter.
Det nærmar seg jul og julebordsesongen er godt i gang både i bygd og by. Ved omsorgssentera i Ølen og Vats er det årlege julebordet blitt ein tradisjon der bebuarar og brukarar av dagsenteret samlast til fest nokre veker før jul.
Festborda blir pynta med kvite dukar og levande lys. På menyen står tradisjonsrik julemat med pinnekjøt til hovudrett og riskrem til dessert. Litt ekstra godt i glaset blir det også når jula skal feirast, og ein liten tår cognac eller eit glas likør til kaffien er ikkje å forakta.
— Middagen var kjempegod og til kaffien trur eg det blir ein liten Baileys, seier 84 år gamle Severine Haugland frå Ølen og kosar seg med den gode maten under festen i Ølen.