Klare for Rootsen
Fire namn er alt klare for rootsfestivalen i 2009. The Levellers, Bob Haley, The Captain […]
Fire namn er alt klare for rootsfestivalen i 2009. The Levellers, Bob Haley, The Captain and Me, og lokale Matpackers har skrive kontrakt med festivalen. The Levellers er eit rockeband som er sterkt inspirert av punk og tradisjonell engelsk musikk. Bob Haley er ein norsk sekstett som speler varm, gitarbasert countryrock. Oslo-bandet The Captain and Me speler Balkan-inspirert musikk med ein god porsjon tradisjonelle russiske tonar. Matpackers treng vel ikkje nærmare presentasjon enn at dei speler på samfunnshuset i Sandeid 1. juledag.