Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fungerande kommunalsjef Eileen Selland for bygd og samfunn (t.v.) og rådgjevar Kathrine Tungesvik Matre for byggesak ønskjer seg søknadar til Etne kommune sitt næringsfond.

Klare for å gi ei hjelpande hand til næringslivet

Publisert

— Potten er auka frå 400.000 til 500.000 kroner, fortalde rådgjevar Kathrine Tungesvik Matre for byggesak og næring under samlinga Frukost, folk og føretak på Skånevik Fjordhotel torsdag.

Fondet er eit verkemiddel for å stimulere til næringsutvikling, verdiskaping og nye arbeidsplassar. Det kan gi tilskot til både nyetableringar, etablerte verksemder og næringsretta samarbeid, der tiltaket har nytte for næringslivet i Etne.

Hovudføremålet med fondet er å bidra til best mogleg næringsutvikling og verdiskaping i kommunen. I tillegg blir det lagt vekt på prosjekt som bidreg til utvikling, kompetanse, innovasjon og berekraftig næringsaktivitet. Alle søknader blir handsama av formannskapet samla éin gong i året, med søknadsfrist 31. mars.

Powered by Labrador CMS