Det er fem kuldegrader utom dørene, men det skremmer ikkje bukser på Cedrik Mballow, russepresidenten for årets raudkledde. Til og med russebuksa har han kappa beina av, og han kan ikkje ein gong hugsa sist han gjekk i lange bukser.
— Eg har alltid vore ein varmblodig type, seier russepresidenten.
No er det ikkje lenge igjen før president Mballow og hans vise medsamansvorne får fri dressur, og blir sleppte over haug og hammar. Russetida er starten på slutten, der 13 års skulegang er historie. Samtidig som det er fantastisk å vera ferdige, er det også vemodig å måtte skiljast frå alle venene ein har fått gjennom tre år i Ølen.