Safia Abdi Haase veit kva det vil seie å vera kvinne på flukt. Ho opplevde kjønnslemlesting som 9-åring, eit brutalt ekteskap og ei flukt frå Somalia til Noreg som var svært dramatisk. No hjelper ho andre kvinner som er i same situasjon. Pressefoto
Kjem med sterk historie
Når ein høyrer historia til Safia Abdi Haase kan ein gjerne undra seg over korleis ho klarar å vera så sterk, så bestemt, så oppreist og i det heile tatt levande. Ho kjempa for livet sitt, for døtrene sine liv og etter at ho kom til Noreg i 1993 held kampen hennar fram. No kjempar ho for alle andre kvinner som opplever det same som ho, før ho klarte å rømma frå heimlandet Somalia. Eit uverdig liv med undertrykking, kjønnslemlesting og forvrengt verkelegheitsoppfatning av kvinnesynet. 16. februar kan folk få høyra henne i litlesalen på Skakkesenteret i Etne.
— Denne kvinna er heilt fantastisk og har ei utruleg sterk historie. Eg vil påstå at dei som ikkje får med seg dette, går glipp av noko, seier Bjørg Klungland som er psykiatrisk sjukepleiar i Etne og arrangør av føredragskvelden saman med avdeling for psykisk helse i Etne, Flyktningtenesta, Etne Røde Kors og Frivilligsentralen.
Pinefull