Du kan tene deg rik på å byte avtaler.
Foto: Bytt.no.
Kan byte deg til ei ekstra månadsløn
Diverse undersøkingar viser at mange nordmenn er lojale mot bankane og leverandørane sine. Mange trur at ein vil oppnå fordelar som lojal kunde, men sanninga er som regel at lojale kundar betaler mykje meir enn dei som er flinke til å byte, skriv bytt.no i ei pressemelding.
Ei anna årsak til at folk ikkje ønskjer å byte er at dei trur det er vanskeleg. Det stemde kanskje tidlegare når ein måtte møte opp fysisk hos banken. Slik er det ikkje lengre, så om ein er effektiv så er heile jobben gjort på 20 minutt.
Dersom ein slår saman innsparinga av å byte straum og mobilabonnement saman med innsparinga av å byte bank og forsikring, vil ein fort sjå at det er mykje pengar å spare.