Ein fargerik attraksjon og blikkfang langs E134 i Ølen. Unni Marie er kreativ og kviler ikkje på lauvbæra etter 40 års drift i rosemalarbedrifta si i Ølen. Siste kreative tilskotet er den gullfarga Peugeoten hennar. Dette er mi gullklokke» etter 40 år ved same bedrift.
Foto: Anne-Britt Grindheim
Jubilanten skapte si eiga gullklokke»
40 år har gått sidan rosemalarverkstaden til Unni Marie Lien såg dagens lys i dagens lokale. Ho jubilerer på kreativt vis.
Den 28. juli 1980 opna ho dørene i Ølen i leigde lokale med enkel innreiing. Unni Marie var 23 år og var nok ikkje klar over kva framtida ville bringe med oljemaling og pensel.
Den første kunden
— Eg hugsar enno den første kunden vår, som var ei dame frå Voss, mimrar Unni Marie og legg til at kundane og oppdraga har vore mange opp gjennom desse 40 åra.