Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det har vore ristingar over store delar av Vestlandet etter eit jordskjelv nokre mil vest for Herøy i Møre og Romsdal søndag kveld. Foto: emsc-csem.org / NTB / NPK
Det har vore ristingar over store delar av Vestlandet etter eit jordskjelv nokre mil vest for Herøy i Møre og Romsdal søndag kveld.

Jordskjelv utanfor Vestlandet

Publisert Sist oppdatert
Senioringeniør Berit Marie Storheim ved Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk ved Universitetet i Bergen opplyser til NTB at skjelvet slo inn med ein styrke 4 på næraste målestasjon i Florø klokka 21.05.51 søndag kveld og at det skjedde om lag 40 kilometer nordvest av Måløy.

– Desse tala er ikkje nødvendigvis heilt presise, dei kan forandre seg. Også sjølve plasseringa av skjelvet kan endre seg noko, seier Storheim.

– I norsk samanheng er det ikkje vanleg med skjelv på 4,3. Vi pleier å liggje på 2 eller rundt der – eg kan ikkje seie sist vi hadde eit så kraftig skjelv, seier Storheim.

Ho forklarer at jordskjelv blir opplevd svært ulikt på ulike stader. Det kan også komme an på kva slags materiale husa ein måtte vere i, er bygde av.

To skjelv

Ifølgje Universitetet i Uppsalas seismologiske overvaking skal det dreie seg om to skjelv med få minutts mellomrom. Det første er registrert klokka 21.05.51 og målte 4,3 i styrke, medan eit mindre skjelv registrert klokka 21.21.10 målte 1,8.

Forskingsinstituttet NORSAR, som overvaker jordskjelv i både Noreg og internasjonalt, opplyser ifølgje NRK at skjelvet hadde ein styrke på 3,3, og at det ikkje blir karakterisert som stort eller farleg.

Mange melde frå til politiet etter at ristingane oppstod søndag kveld.

Ikkje meldt om skadde

– Vi har fått ein del meldingar inn til oss der folk opplever ristingar i bygningsmassar. Dette er merkt over store område og langt inn i Romsdalen, opplyser operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

– Vi ser på nettet at eit jordskjelv 4,1 mil vest for Herøy har ein anteken styrke på 4,5. Vi opplevde også skakingar her hos oss i Ålesund, seier Holst-Dyrnes.

– Det er, per no, ikkje meldt om skadar på personar eller gjenstandar, seier ho.

– Huset rista

Adresseavisen skriv at ristingane kunne kjennast heilt opp i Trøndelag. Også NTB får meldingar om folk som har kjent ristingar, både i Ålesund og på Nordfjordeid.

– Det var nettopp eit relativt kraftig jordskjelv her på Nordfjordeid – det sterkaste eg kan hugse å ha opplevd nokon gong, seier Venstre-politikar Alfred Bjørlo i ei melding til NTB.

Frode Nordstrand bur på Hessa i Ålesund kommune og fortel at dei merka jordskjelvet veldig godt.

– Ingenting vart øydelagt. Men huset rista då vi akkurat hadde lagt ungane, seier han til NTB

Aktivt jordskjelvområde

Noreg er eitt av Nord-Europas mest aktive jordskjelvområde, og Vestlandet og Nord-Noreg er særleg utsett, skriv Noregs geologiske undersøking (NGU) på nettsidene sine.

NGU skreiv i januar i fjor at det dei siste 20 åra har vore registrerte 16 jordskjelv med ein styrke på over 3,5.

Det siste kraftige skjelvet i Noreg vart registrert ved Jan Mayen i 2012. Det hadde ein styrke på 6,6, og skjelvet var så sterkt at ein hadde problem med å halde seg oppreist.

(NPK)

Powered by Labrador CMS