Ivrige med promillekontroll

To dagar på rad har politiet vore med promillemålarane og teke prøvar av bilistar i […]

Publisert Sist oppdatert

To dagar på rad har politiet vore med promillemålarane og teke prøvar av bilistar i Ølensvåg. Begge dagar blei 40 bilførarar kontrollerte, men ingen av dei testa positivt.
Med eit meir risikabelt føre den siste tida, meiner lensmann ved Etne og Vindafjord lensmannskontor, Ingvard Gjærde at det er naudsynt for politiet å vera synlege for at bilistar skal ta glatta på alvor.
— Dette er ein medviten strategi framover i desember. Når me opplever at fleire bilar har uhell og til dømes hamnar på taket, er det viktig at politiet viser igjen. Folk køyrer krast, trass i glatt vegføre, og me vil halda fram med jamlege kontrollar som dette. Me ser det fungerar godt når me viser att ved vegane, seier Gjærde.

Powered by Labrador CMS