Wenche Strand Hauge i Ølen Sanitetslag vil vera med og organisera prøvetaking. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Wenche Strand Hauge i Ølen Sanitetslag vil vera med og organisera prøvetaking.

Inviterer til møte om livmorhalsprogram

I samarbeid med Kreftforeininga set Ølen Sanitetslag livmorhals-prøvetaking på programmet når dei inviterer minoritetskvinner til informasjonsmøte om livmorhalsprogrammet i slutten av månaden.

Publisert Sist oppdatert

Ved å ta ein enkel livmorhalsprøve kan celleforandringar oppdagast og behandlast, og dermed redusera risikoen for å få livmorhalskreft. Alle kvinner her til lands mellom 25 og 69 år blir oppfordra til å ta livmorhalsprøve med jamne mellomrom, men ikkje alle nyttar seg av tilbodet. Særs blant minoritetskvinner er det fleire som takkar nei. Nå har Kreftforeningen inngått samarbeid med Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) om eit prosjekt som skal nå minoritetskvinner om livmorhalsprogrammet. I Vindafjord har Ølen Sanitetslag tatt oppfordringa frå NKS Rogaland om å delta i prosjektet, og i slutten av mars inviterer dei minoritetskvinner til informasjonsmøte.

— Saniteten i Rogaland har spurd lokale lag om å bli med å prosjektet. Me vil få dette til lokalt i Vindafjord, seier Wenche Strand Hauge i Ølen Sanitetslag.

Informasjonsmøte

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS