– Eg gler meg veldig til å få ta del i ein stor dag for dei som skal gifte seg i Skjold kyrkje på Valentinsdagen, seier sokneprest i Vikedal–Imsland–Sandeid, Eli Kolstad (t.h.). Her saman med sokneprest Elisabeth Fauskanger og sokneprest Åse Selsvold.
Sirianne Vikestad
Inviterer til drop-in-bryllaup på Valentinsdagen
— Me kjem til å vera i kyrkja frå klokka 12.00 til 16.00, seier sokneprest for Skjold, Vats og Vikebygd, Elisabeth Fauskanger.
Tilbodet er for dei som ønskjer ei enkel, men høgtideleg vigsle, utan alt som ofte følgjer med av planlegging, detaljar og stress.
— Mange synest bryllaup kan bli veldig mykje. Difor ville me laga eit alternativ med enklare rammer. Her kan de koma som de er, og likevel få ei høgtideleg vigsle i kyrkja, seier ho.