Inviterer fleire forfattarar
Kvar haust dei siste åra har Vindafjord bibliotek hatt tradisjon for å senda ut ei brosjyre til alle husstandar i kommunen. Her får innbyggjarane informasjon om det som skal skje på biblioteket komande haust, og om ein er innflyttar frå utlandet og førebels ikkje er så stødig i norsk, kan det finnast ei råd for det.
— Då me gav ut brosjyren på fire språk, fekk me mykje positiv tilbakemelding på det. Derfor kjem årets brosjyre også ut på både norsk, engelsk, litauisk og polsk, fortel bibliotekar Guri Ravatn, som saman med biblioteksjef Any Tordis Heggebø nå presenterer haustprogrammet for Vindafjord bibliotek.
Stor auke