Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Undersøkingsgruppa har konkludert i saka om anonyme varsel som mellom anna var retta mot kommunedirektør Filippo Ballarin. Dei finn ikkje grunnlag for påstandane som blir framsett av brannmannskap.

Brannberedskap

Inngjekk avtale om mediehandtering – har betalt over 400.000 kroner

Publisert

Gjennom innsyn i ekstern bistand har Grannar fått tilgang til avtalar, konkurransegrunnlag, innkjøpsprotokoll og fakturaer knytt til Storm Communications AS. Tidslinja i dokumenta viser følgjande: Konkurransen blei publisert 12. april 2024, tilbodsfristen var 19. april 2024, og tildelinga blei gjort 26. april 2024. Allereie 15. april 2024 – fire dagar før tilbodsfristen og elleve dagar før tildeling – fakturerer Storm Communications AS Etne kommune 125.000 kroner for «kommunikasjonsbistand i henhold til avtale». Dokumenta gir ikkje informasjon om bakgrunnen for at bistanden blei fakturert før tildeling.

Innkjøpsprotokollen viser at konkurransen blei gjennomført etter såkalla «FOA del I, under nasjonal terskelverdi». Med andre ord: Kontrakten låg under den nasjonale beløpsgrensa og kommunen kunne derfor invitera utvalde leverandørar direkte, i staden for å lysa ut ein open konkurranse. Tre leverandørar fekk tilgang, mens det berre var Storm Communications AS som leverte tilbod. Dei blei tildelt rammeavtalen 26. april 2024.

 

Powered by Labrador CMS