Det har ingen hast med å slå Vindafjord saman med andre kommunar, meiner Jan Føyland (t.v.) og Magnar Frøyland. Men dei trur det vil kome, og begge vil orientere seg mot vest.
Foto: Jon Edvardsen
Inga hast med samanslåing
Nei-fleirtalet er ganske klart, men også blant dei som er for kommunesamanslåing i Vindafjord, vil mange helst ha ro ei stund til.
Det første er konklusjonen i ei meiningsmåling Norfakta har gjennomført for Grannar der 50 prosent er mot kommunesamanslåing og 35 prosent er for at Vindafjord skal slå seg saman med ein eller fleire nærliggande kommunar. Resten har ikkje gjort seg opp ei meining om spørsmålet.
Den andre konklusjonen om at mange ønskjer ro, er basert på synspunkt frå tilfeldige personar langs aksen Isvik, Vats og Ølen.