I kø for pass
Passtenesta ved Etne og Vindafjord lensmannskontor i Ølen opplever no stor pågang frå folk som har planlagt feriereise utanlands. Lensmann Ingvar Gjærde oppmodar alle til å bestille time via nettsida Politi.no. — Det byrjar å bi fylt opp, så folk må ikkje vente til dei siste dagane før dei skal ut på reise, seier han. Gjærde legg til at dei prøver å hjelpe dei som kjem innom, men at publikum må vere budd at dei ikkje har kapasitet til å hjelpe så raskt som ein håpar på. Dei ser også at det kjem tilreisande frå heile politidistriktet til Ølen, fordi det er vanskeleg å få time raskt i Haugesund og andre stadar.