Utsikt mot vest frå Bukkanibba.
FOTO: Foto: Pål Viland Monstad
I år kan du registrera turane digitalt
Har du tenkt deg ut på tur i pinsehelga? Vindafjord kommune tilrår nå gjennom sine nettsider å gå ein eller fleire av dei 15 turane til Ut på tur i pinsa. Nytt av året er at digitalt skjema, eller gjera som før å senda dei inn på papir. Det digitale skjemaet blei lansert på Vindafjord kommune sine heimesider fredag. Du kan ikkje legga inn tur for tur, men må samla opp kodeorda og legga dei inn samla.Det er derfor lurt å lasta ned turbrosjyren om du ikkje har den liggande i papirformat. Kommunen opplyser at du ikkje kan senda inn kodeorda på papir, om du nyttar deg av den digitale registreringa. Så her må ein velja med omhu. Ut på tur i Vindafjord har både lette og meir utfordrande turar å by på.