Daniel Holten gjorde sakene bra i helga og kryp oppover på resultatlista i NM rallycross.
Foto: Holtenmeidia
Holten på andre plass på Dokka
Etter at dei to første NM-rundane enda med punktering i finalen på Konsmo og ein rundvelt på treninga på Melhus, var Daniel Holten (27) på vinnarsporet. I helga blei det finale og andre plass.
Tredje NM-runde blei ein opptur og pallplass for den meritterte NMK Vikedal-føraren.
— Eg er godt nøgd med helga. To bestetider og full poengpott etter innleiande omgangar og til slutt andre plass i løpet, er eit veldig godt resultat for meg, og det var det eg hadde håpa på å få til denne gongen, seier Daniel Holten, og takkar alle som har bidratt etter smellen på Melhus.
Han rosar ikkje minst teamet som stått på dag og natt.