Ventelista er lang for dei som vil ta påbygg ved Ølen vgs.
Arkivfoto: Jon EdvardsenFOTO: Foto: Jon Edvardsen
Høge karakterkrav i skulane i Rogaland
Fleire programområde har lange ventelister ved vidaregåande skular i Rogaland, og kampen om plassane fører til høge karakterkrav. Ved Ølen vidaregåande skule krevst det over 40 karakterpoeng ved to av studieretningane.
For skoleåret 2022/23 er det 301 søkjarar som har sett opp eit tilbod ved Ølen vgs som sitt første ønske. 283 av desse er frå Vindafjord eller Etne. Vg3 påbygg har flest søkjarar i forhold til antal plassar, med 33 primærsøkjarar til 20 plassar. Her er karakterkravet 47,1 poeng. Vg1 elektro og datateknologi har 19 primærsøkere til 15 plasser, og i 1. inntak måtte ein ha 40 karakterpoeng for å få plass.
— Det betyr at dei som har søkt dette tilbodet i år, har gode karakterer. Det er ein del søkjarar på venteliste både på Vg3 påbygg og Vg1 elektro og datateknologi, seier seksjonssjef ved opplæringsavdelinga i Rogaland, Helge Eide.
Ved dei andre tilboda ved skulen er det godt samsvar mellom primærsøkjarar og kapasitet.