Statsminister Erna Solberg (H) under den offisielle opninga av Nordlink, den første straumforbindelsen mellom Noreg og Tyskland. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Statsminister Erna Solberg (H) under den offisielle opninga av Nordlink, den første straumforbindelsen mellom Noreg og Tyskland.

Historisk straumpris i august

NPK-NTB: Årets august vart augustmånaden med den høgaste straumprisen nokosinne. Gjennomsnittsprisen låg på 75 øre per kilowattime.

— Det er tørt og varmt vêr kombinert med uvanleg høge straumprisar i Europa, forklarer direktør for krafthandel Andreas Myhre i Entelios, eit dotterselskap av Agder Energi, til E24.

Han seier det er spesielt høge kraftprisar i Tyskland for tida, på grunn av fråvær av vind. Vindmøllene i landet står stille og fører til prisoppgang i heile marknaden. I Noreg fører det tørre vêret til mindre vatn i magasina, og då stig prisane.

— Krafta flyt alltid dit prisen er høgast. Og sidan det tyske prisnivået er veldig høgt, så påverkar det prisane her i landet, seier Myhre.

Hittil i september har prisane stige vidare, og dei låg måndag på 1,18 kroner per kilowattime, det høgaste hittil i år, før påslag av nettleige og avgifter, ifølgje straumbørsen NordPool.

I Nord-Noreg er prisane derimot framleis ganske låge fordi ressurssituasjonen er betre, og overføringskapasiteten er manglande.

I mai stod statsministrane Erna Solberg (H) og Angela Merkel for den høgtidelege opninga av ein kraftkabel mellom Noreg og Tyskland. Den er ein del av det norsk-tyske Nordlink-samarbeidet. Ei av målsetjingane med kraftleidninga er at Tyskland skal få kjøpe vasskraft frå Noreg, og at miljøvennleg sol og vindkraft frå Tyskland skal finne vegen til Noreg.

I forkant av opninga hadde det vore prøvedrift i om lag åtte månader. Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Wattsight sa då til E24 at det hadde gått meir straum frå Noreg til Tyskland enn den andre vegen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS