HIM plukkar også med seg hageavfall.
Foto: HIM
HIM hentar hageavfall
Dette melder Etne kommune på sine nettsider. Hagesekkane kostar 50 kroner per stykk og tar 100 liter. Kvar sekk kan fyllast med maks 15 kg. Sekkane blir selde i HIM sine miljøparkar og på servicetorget på Etne tinghus. Burettslag og sameige må bestille sekkar og henting på eige skjema.
Bruk tømmedag
I tillegg til å ta maks 15 kg. skal sekkane ikkje bli fylt opp over den stipla linja inne i sekken. Sekkane skal bli sett ut saman med restavfallet på tømmedag. Ein kan ikkje setje ut meir enn tre sekkar per tømmedag. Ein har sjølv ansvar for at sekkar står sikkert og ikkje velter når dei blir sette ut.