Brannsjef i Etne, Sauda og Suldal, Inge Seim.
Foto: Frank Waal, Ryfylke.
– Heldt på å gå gale i Åkrafjorden: Brannsjefen åtvarar mot open eld
— Det kunne ha gått skikkeleg gale, seier Seim.
Klokka var litt over 15 då folk på nordsida av Åkrafjorden observerte røyk langs den gamle Åkrafjordvegen og varsla brannvesenet. Brannen starta nede ved vegen, men då brannmannskap frå Etne kom til staden brann det godt allereie. Det var så bratt i terrenget at dei ikkje fekk sløkt effektivt frå bakken.
— Me konfererte med 110-sentralen og starta prosessen med å rekvirera helikopter, fortel brannsjefen.