Steinar Eidhammer er i full sving med å restaurera ei Boble frå 1960.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Steinar Eidhammer er i full sving med å restaurera ei Boble frå 1960.

Hekta på folkevogn og VW-effektar

Heilt sidan ungdommen har han hatt brennande interesse for den populære folkevogna og har opp gjennom åra restaurert tallause bilar for sal og til eige bruk. Nå er 70 år gamle Steinar Eidhammer godt i gang med eit nytt restaureringsprosjekt, og fleire står for tur.

Publisert Sist oppdatert

Inne i garasjen til Steinar Eidhammer i Øvre Vats er det full aktivitet. Arbeidet med å tilbakeføra ei Boble frå 1960 til fordums prakt er i gang, og går alt etter planen kan bilen igjen trilla langs landevegen når sommarsola finn vegen tilbake. Alt av deler er intakt, men etter mange kilometer på hjul trengst det ei skikkeleg overhaling.

Bilen er totalt ribba for inventar og all rust er fjerna. Både karosseri og motordeler har fått seg ein omgang med pussemaskin og sparkelskei, og er gjort klar for ein runde i lakkeringsboksen. Den 34 hestekrefter store motoren er overhalt og kan trygt plasserast under panseret, og dei originale felgane og setetrekka treng berre ein grundig vask før dei kan setjast på plass.

— Eg vil prøva å få bilen så original som mogeleg og håpar å få den ferdig i løpet av eitt års tid, seier folkevogn-entusiasten som har børsta støv av den gamle bobla han kjøpte i 1987 og som har stått lagra i garasjen i snart 30 år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS