Sivert ligg trygt og godt i storebror Odin (4,5 år) sine armar, og har ikkje andre bekymringar enn at det knip litt i magen. Litt grynt og sprell er alt som skal til, før lufta i magen finn strake vegen ut og livet nok ein gong blir bekymringslaust. Når storebroren i tillegg er snill og gir han smokken, blir Sivert døsig og slumrar tilbake i draumeland. Mamma Hanne Eikjeland frå Ølen overtar ansvaret for minsten, mens eldstemann får gå på rommet sitt for å leika.
— Det har gått veldig fint å bli storebror, men det er klart at sjølve kvardagen har me ikkje fått testa heilt ut enda. Dagane etter fødselen har gått i eitt, med mykje besøk og me har levd litt i ei boble, seier den ferske tobarnsmora.
På overtid