Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Hatteland blar opp

Publisert Sist oppdatert

Hatteland Group i Vats er mellom eigarane i den nyskipa verksemda No-Uk Com AS. Føremålet er å bygge ein stor fiberkabel mellom Vestland og Storbritannia. Det gjer dei saman med Lyse, BKK, Smedvig og Haugaland Kraft. Kjetil Barkved, opphavleg frå Etne, er tilsett som dagleg leiar i verksemda, ei rolle han har ved sida av sitt virke som prosjektutviklar i Ryfylke IKS.

Med fiberkabel til Storbritannia vil ein forbetre datakommunikasjonen mellom Noreg og marknadene på det europeiske kontinentet og ikkje minst til USA. Noko som aktørane peikar på er essensielt for at Microsoft, Amazon eller andre internasjonale gigantar vil etablere datasenter i Noreg.

Det er venta at det skal byggjast 200 store datasenter i verda berre dei neste tre-fire åra. Noreg blir sett på som attraktiv som følgje av tilgang til rimeleg og stabil levering av straum, gode mogelegheiter for kjøling med både fersk- og saltvatn, og ikkje minst eit roleg politisk klima.

Powered by Labrador CMS