Modolf Haraldseid, ordførarkandidat for Vindafjord Høgre.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Haraldseid stiller igjen
Høgre var det neste største partiet i Vindafjord i kommunevalet i 2019 med ei oppslutning på 18,6 prosent, og Ap var tredje største med 13,1 prosent.
På toppen trona Sp med 33,2 prosent.
— Vi har fått til eit gryande samarbeid i Vindafjord som er betre no enn for ei tid tilbake og vi snakkar betre på tvers av partia. Det motiverer til å fortsetje. Det gjeld ikkje berre med Ap, men heile posisjonen. Sakene er det viktigaste og vi utelukkar ikkje samarbeid med nokon, seier Haraldseid.