Tårene triller nedover kinnet i det eg skal seie ha det» til mine aller nærmaste heime i Vikedal, heimbygda mi der er eg oppdratt og oppvaksen. Eg påfører mine næraste ein smerte som ikkje kan beskrivast med ord av lengsel etter søster, dotter, kjæraste fordi eg vil og drøymer om å klatra verdas høgaste fjell.
Ankomst ved Nepal, Kathmandu. Ekspedisjonen er allereie i gang. Eit møte med resten av gruppa, dei andre som har same draum om å stå på det høgaste punktet på jordkloden.
Me handlar inn siste del av utstyret som må vera på plass før avreise mot fjellet. Me fyk med helikopter inn til Khubudalen, landet ved verdas farlegaste flyplass, der flystripa ligg på ei fjellhylle.