Illustrasjonsfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Har kontroll på bråtebrann
Brannvesenet melder laurdag ettermiddag like etter klokka 15.30 om bråtebrenning som har kome ut av kontroll i nærleiken av Håvikvegen i Skjold. Brannmannskap er på staden, melder 110 Sør-Vest. Meldinga kom fordi det var uro for at bråtebrannen skulle spreie seg til nærliggande bygningar, seier vaktleiar i 110 Sør-Vest, John Helle, til Haugesunds Avis.