Overraskande nok er det sol på himmelen klokka 09:00 trass i vêrmeldinga som spådde regn og surt vêr heile dagen. Det kjem ei busslast med folk til foten av Hodnafjellet, der Skjold på tvers» startar. Det er venegrupper, familiar, og hundar som skal nyte turen saman.
Vel oppe på toppen av Hodnafjellet står det ein gjeng glade damer frå Tysvær. For alle utanom ei er det aller første gong dei skal gå Skjold på tvers. Dei trur det blir ein tung tur, men gler seg til utsikta.
Far og son