Han er med og held revebestanden i balanse
Skåneviksbuen Åkra, som for tida bur på Kyrping, jaktar allsidig: både hjort, rype og forskjellig småvilt er aktuelt, og jakta skjer på mange kantar av heimkommunen. Men eit ikkje uviktig innslag på jaktprogrammet, i kategorien småvilt, er raudreven. Den finst det ganske mykje av, i fjell og skogar. I 2018 toppa Åkra den lokale tabellen for Etne med 18 rev, etter å ha skote flest også tidlegare år, og vann med det vandrepokal gitt ut av Etne Sau og Geit. Til nå i år har han tatt ni stykk. 35-åringen har inntrykk av at det er blitt meir populært med revejakt dei siste åra, over heile landet.
— Ut frå den aukande aktiviteten på diverse Facebook-sider via til emnet kan det sjå slik ut, ja. Det kjem mange nye jegerar til, gjerne unge folk, fortel han.
Skotpremie