Kostnaden for Kjekt i Vik Hallen» er vel 3 millionar kroner netto når prosjektet har fått tilbake ein del av momsen. Rubbhallen med kunstgras får ikkje tippemidlar for nærmiljøanlegg fordi det er tak på kunstgrasbanen.
Den andre finansieringskjelda dei ikkje får del i, er tilskot frå Vindafjord Arbeidsgiverforening (VAF), noko dei fleste andre nyare anlegg har fått gleda av i kommunen. VAF har gitt klarsignal for eit større bidrag, men stiller som vilkår at Vindafjord kommune skal bidra med om lag like mykje.