Godt oppmøte på det aller første Bjoa halvmarathon
Det var bare nokon få regndråpar på Bjoa halvmarathon i dag. Det var god stemning då dei over 50 påmeldte stilte til start klokka 11:00. Første i mål Tom Erik Karlsen fortel at løypa var ganske kupert, men at det var ei flott løype og at den var godt markert.
Fleire av deltakarane fortel at dei aldri har sprunge i området tidlegare, og var svært nøgde med å sjå ei slik flott løype i distriktet. Til slutt var det Tom Erik Karlsen, og Line Fjelldalselv som kom seirande ut i den aller første Bjoa halvmarathonen.
I tillegg til halvmarathonen var det også eit løp på 10 km og eit barneløp. På 10 km kom Oddvar Nedrelid først i mål, og i kvinneklassen var det Cathrine Berge som kom seirande ut.
Linnea Helgevold Fjelldalselv var best i barneløpet