Glade for korona-vaksinen
Både Sverre Bernard Ihle (90) frå Illsvåg og Aud Langhelle (83) frå Skånevik er glade for å få første dose av korona-vaksinen. I kvar sin kommune var dei også første person til å få det etterlengta stikket.
Klokka nærmar seg 10.30 på Ølen omsorgssenter, og i ein stol ved vindauget sit Sverre Bernard Ihle frå Ilsvåg. Rundt seg i daglegstova sit fleire spente bebuarar som vil følgja med på dagens vesle milepåle. Den første koronavaksinen skal setjast i Vindafjord, og Sverre er første person som skal få vaksinen injisert.
— At eg blir første vindafjording legg eg ikkje særleg stor vekt på, men eg er veldig glad for at eg får vaksinen. Eg har ikkje stussa i det heile på om eg skulle ta ho eller ikkje.
Sjukepleiar Inger Anne Lothe har fått oppdraget med å setja sprøyta, og det gjer ho utan at Ihle rører på eit augelokk.