Den nasjonale refleksdagen er ei årleg nasjonal merkedag. Åse Fjeldheim (8) og Matilde Hamre Hjelmeland (8) var på plass tidleg for å gjere seg klare til dele ut reflekseffektar frå lokale bedrifter.
— Me bruker alltid refleks når det er mørkt, fortel Fjeldheim og Hamre Hjelmeland.
Dei delte ut refleksar til lærarane som kom, før dei fekk med seg rektor Nina Iren Husevåg, lærarar og politiet på å gi til medelevane sine. Då det tikka mot skulestart var det lysna til, men dei fleste som kom gåande hadde likevel fått på seg refleksvest eller andre effektar.