Gjekk tom for bensin

Etter ein sjekk på legevakta fekk dei to gutane på 12 og 15 år dra velberga heim etter ein båttur på Ølensfjorden som ikkje gjekk heilt som planlagt. I 20-tida onsdag kveld blei dei meldt sakna då dei ikkje kom til svars. Dei hadde dratt ut i ein ti fots båt tidlegare på dagen. Hovudredningssentralen blei varsla og det blei kalla ut leitemannskap til sjøs. Tre kvarter seinare blei gutane funne i ein drivande båt ved Dreganes, ved innløpet til Etnefjorden. Dei hadde gått tom for bensin og måtte slepast til land av redningsskøyte.

Powered by Labrador CMS