Norleif Fjeldheim (midt i bildet) meiner regjeringa før få skryt for årets jordbruksoppgjer, og at resultatet gir ny optimisme. I år er det ikkje tid for å klage. Her frå ein tidlegare demonstrasjon. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Norleif Fjeldheim (midt i bildet) meiner regjeringa før få skryt for årets jordbruksoppgjer, og at resultatet gir ny optimisme. I år er det ikkje tid for å klage. Her frå ein tidlegare demonstrasjon.
Vatsbonde Jakob Eskeland er styremedlem i Rogaland Bondelag og han fryktar bønder vil gi seg på grunn av galopperande utgifter. Blant anna prisveksten på kunstgjødsel er 70 prosent. Foto: Jon Edvardsen
Nestleiar Jakob Eskeland i Rogaland Bondelag meiner dei fleste bøndene er tilfreds med avtalen og vil sjå framover.

Gir skryt for avtalen

Norleif Fjeldheim i Skjold har demonstrert og kjefta på jordbruksforhandlingane tidlegare, men no meiner han politikarane bør få skryt. — Dette oppgjeret bør få optimismen tilbake, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Gardbrukaren frå Skjold er medlem av Senterpartiet og leiar av Skjold bondelag, men han pleier ikkje å kvi for å kritisere sine eigne. Men denne gongen meiner han det er all grunn til å vende tommelen opp for sluttresultatet i jordbruksforhandlingane som både Norsk Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag slutta seg til 16. mai.

Gir skryt

— Politikarane har verkeleg levert i år, og regjeringa bør få skryt. Vanlegvis ropar vi at vi ikkje er nøgde, men i år bør vi ikkje klage på resultatet. Eg tenkte kanskje inntektsgapet ville bli tetta litt meir, men eg er nøgd med det vi får. No er ein inne på ein heilt ny veg. Folk vil ikkje forstå det om vi klagar på jordbruksavtalen i år, seier Fjeldheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS