Genbank øydelagt
Uerstatteleg tap av skog.
Skogfrøverket sin genbank og mange års arbeid i Etne kan gå rett i vasken. Mange frykta at grantrea på sørsida av Stordalsvatnet var angripne av biller, men ifølgje skogeigaren er det meir truleg vêrforholda den siste tida som har tatt knekken på dei verdifulle trea. Dei 235 måla med granskog er planta med tanke på freding og framtidig avl, men må mest truleg hoggast.
Dette er hovudsak i torsdagens papir-/eavis. I dette nummeret av Grannar kan du også lesa om sviktande politikaroppmøte i Vindafjord, reportasje frå Hordastemnet i skyting på Fikse, om ein hagejuvel i Vikedal og om bankmannen i Etne som har hatt éin og same arbeidsgjevar i 47 år. Og så har me møtt terrengsyklisten Lars Granberg i Ølen som viser solid form to veker før maraton VM.