Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Frederic Bull-Tornøe er styreleiar i Skånevik Bygdeutviklingslag Forvaltningsstyret.

Gåvedryss til utvikling av bygda

Publisert

Torsdag 12. februar hadde Skånevik Bygdeutviklingslag Forvaltningsstyret styremøte. Der bestemte dei korleis dei skal fordele pengar mellom nokre søknader som var komne inn.

Det blir gitt inntil 15.000 kroner til hjartestartar på Ebne bedehus, som er eit bedehus for grendene Ebne, Sandvik og Lauvvik. FAU får inntil 40.000 kroner til ein skidag for Skånevik skule. Ei trimgruppe får inntil 1.000 kroner for å skaffe sjokolademedaljar til ein hoppcup for barn.

Tre av gåvene skal bli forvalta av ei gruppe som har namnet Gutteklubben Grei (GG). Dei skal pynte området ved ladestasjonane i bygda, og får inntil 21.800 kroner til dette. Eit anna prosjekt dei held på med, er å sjå på moglegheiter saman med arkitekt for å hindre utvasking og utbetre solarealet på Peparen. Til denne moglegheitsstudien får dei inntil 30.000 kroner. Dei får også inntil 4.600 kroner til å pynte opp og vedlikehalde sentrum, til dømes ved å ordne benkar og minnesmerke.

Powered by Labrador CMS