Rådmann Kristian Birkeland vil selje 84 dekar av industriområdet på Raunes til AF Decom Offshore AS for 34 millionar.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Går for sal av Raunes
Det er snakk om 84.000 kvadratmeter, og det gir ein meterpris på 405 kroner. Det har tidlegare vore delt syn i formannskapet på om Vindafjord kommune skal selje industriområdet til AF Decom Offshore i Nedre Vats.
Forhandlingane mellom rådmann Kristian Birkeland og ordførar Ole Johan Vierdal på den eine sida, og representantar for konsernleiinga i AF Gruppen på den andre, har vore lukka for innsyn, med unntak formannskapet har fått informasjon under vegs.
Forslaget om å selje området vart sendt ut i dag, og formannskapet skal behandle saka alt første yrkedag etter pinse.